Vedtekter

Norsk Bufe vedtekter.

 

Vedteke ved årsmøtet 01.02.2003

Revidert ved årsmøtet 03.02.2008

 

§1. Laget.

      Norsk Bufe er eit samarbeidsforum for avlslag og interesselag for dei gamle norske 

      storferasene. Desse er:  Landslaget for Telemarksfe, Laget for Vestlandsk Fjordfe,

      Laget for Vestlandsk Raudkolle, Dølafelaget,

      Laget for Østlandsk Rødkolle og Jarlsbergfelaget.

§2. Årsmøtet.

      Årsmøtet er Norsk Bufe sitt høgste organ. Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen

      av februar. Kvart avls- og raselag har rett til å møte med inn til to representantar med

      stemmerett ved personlig frammøte. Berre utsendingane har stemmerett på Årsmøtet.

      Siste års arbeidsutval møter på Årsmøtet, sjølv om medlemmane ikkje lenger måtte være

      utsendingar for sine respektive lag. Andre kan inveterast til Årsmøtet utan stemmerett.

     Årsmøtet skal kallast inn med minst tre vekers varsel, og det kan berre gjerast vedtak i

     saker som er nemde i innkallinga. Saker til Årsmøtet må være Norsk Bufe i hende seinast

     01.12 i kalenderåret før årsmøtet. Det kan ikkje gjerast vedtak som grip inn i medlemslaga

     sine eigne disposisjonar.

     Årsmøtet skal handsame:

1)      innkallinga

2)      Val av ordstyrar og skrivar

3)      Årsmelding

4)      Revidert regnskap

5)      Budsjett. Med kontingent pr medlem i laga rekna ut frå medlemstalet 31.12. med betalingsfrist 01.04.

6)      Arbeidsplan

7)      Innkomne saker

8)      Val av styre.

a)      leiar for eit år

b)      Nestleiar for eit år.

c)      2 revisorar for eit år.

     9)   Eventuelt.

 

§3. Andre Fuksjonar,

      Styret tilsett sekretær og kasserer.

 

§4. Arbeidet mellom Årsmøta.

      Leiar, nestleiar og sekretær fungerar som arbeidsutval mellom Årsmøta. Ved viktige saker

      skal ekstraordinært Årsmøte haldast. Dette skal kallast inn med minst tre vekers varsel, og

      berre saker som er nemde i innkallinga kan handsamast.

 

§5. Endring av vedtektene.

      Endring av vedtektene krev minst 2/3 fleirtal i Årsmøtet.

 

§6. Nedlegging.

      Eventuell nedlegging av Norsk Bufe krev minst 2/3 fleirtal i årsmøtet. Midlar/gjeld som laget måtte ha, skal fordelast på laga etter medlemstal.